Livet i Førdefjorden

Det norske landskapet er heilt spesielt, det finnast nærmast ingen andre land som har fjordar som vi har. Men kva er det eigentleg som skjuler seg under overflata i Førdefjorden, og kva vil gå tapt dersom Nordic Mining får gjennomføre sitt prosjekt? 

MudderbunnsjøroseErling Svensen

Førdefjorden som laksefjord

Førdefjorden er 300 meter djup, og strekk seg 36 kilometer ut mot havet før han delar seg i Brufjorden og Stavfjorden, på nord- og sør-sida av Svanøy. Fjorden er ein av 29 nasjonale laksefjordar. Ordninga med nasjonale laksefjordar og nasjonale laksevassdrag blei oppretta av stortinget i 2003, for å verje den truga laksebestanden vår mot inngrep og forureining. Omlag tre fjerdedelar av Noregs samla villaksressursar er knytt til våre 52 nasjonale laksevassdrag og våre 29 nasjonale laksefjordar. 

Ein kan gjerne sei at laksen i dei norske fjordane og vassdraga var den første vestlendingen. Laksen som lev i Førdefjorden klekkast i vassdraget Nausta, eit av våre nasjonale laksevassdrag. Etter nokre år i vassdraget, vandrar laksen til havs gjennom fjorden. Ute i havet utviklar laksen seg til å gyte, og fram til då er faktisk kjønna like. Laksen blir verande i havet i mellom eit og fem år, før han reiser heim til sin fødestad for å gyte. det er registrert laksar som har vendt heim att opp til fire gangar for å gyte 

Talet på norsk villaks i havet er meir enn halvert sidan 1980-talet. I 2021 vart villaksen oppført på raudlista som «nær truga». Dette kjem av mange ulike orsakar, men forureining, sjukdom og arealendring er dei største trugslane for villaksen.  

Artar i faresona

Sjølv om laksen er ein sentral art i Førdefjorden, lever det også utallige mange andre spennande artar der. Ein av desse er kysttorsken. Kysttorsken er stadbunden i snevre område, dette er orsaka til at det finnast mange små lokale stammar av kysttorsk. Egg som gytast inne i fjorden blir værande, og torsken som gytast langt inne tilbringar heile sitt liv i fjorden. Faktisk vil han sjeldan bevege seg lenger enn ei nautisk mil frå sin heimstad. Sidan denne torsken beveg seg så lite, vil han sjeldan bli over ein meter lang og vege meir enn 20kg.

Blålanga i Førdefjorden kan bli opp til halvanna meter lang og vege rundt 15kg. Den er i lange-familien, men skiljast frå lange på at skjeggtråden er svært kort. Blålanga har mørkebrun rygg og buken er lysegrå, og kan bli opp til 30 år gammal. Biologien til blålanga er relativt dårleg kjent, men fisken finnast vanlegvis på relativt djupt vatn, rundt 350-500 meter. Den lev altså heilt på botnen av Førdefjorden.

Desse artane er blant dei som kjem til å slite, dersom gruveselskapet får dumpe det giftige gruveavflallet sitt i fjorden. Torsken som gyta i Førdefjorden risikerar at nanopartiklane frå gruveslammet festar seg til egga deira. Dette gjer at dei søkk mot botnen og klekkast før fisken er ferdig utvikla.   

Blålanga er plassert på Norsk raudliste for artar, den blei først kategorisert som sterkt truga i 2015 og så igjen i 2021. Eit eventuelt deponi vil gjere stor skade på leveområdene deira, og potensielt drive dei vekk frå fjorden for godt.

Til glede for lokalbefolkinga

Det rike livet i Førdefjorden har vore til glede for lokalbefolkinga i fleire generasjonar. Det vert ofte sett ut teiner, og mange minst ein barndom fylt med fisketurar. Om du nokon gong har vore i Vevring, er det svært sannsynleg at du har vorte invitert på «fiskebord», eit endelaust langbord fylt med sjømat frå fjorden.

Vi har prata med Vilde Aarseth (16), lokallagsleiar i Sunnfjord NU. Ho har vakse opp tett på Førdefjorden, og har bruka store delar av oppveksten sin nært han. Ho fortel om ein gong ho var ute og fiska med onkelen sin, og fekk noko litt ut av det vanlege på kroken;

«Eg hadde nett fått ny stong med moderne snelle. Vi var midt ute på fjorden, og der ute kan vi ofte få fisk som er veldig tung. Det skjedde denne gongen. Vi hadde festa makrell til sluket, og etter ei stund rykte det i snøret. Det viste seg at det var ein stor fisk, den måtte vege opp mot 70kg. Eg fekk litt panikk fordi han var så tung, men onkelen min hjelpte meg å sveive han inn. Plutseleg sto eg ansikt til ansikt med den største kveita eg har sett! Den glefsa nesten etter meg, og tenna var so kvasse at den beit heile utstyret av, og forsvann ned i fjorden att»

Ein annan som kan fortelje mykje om livet i Førdefjorden, er Helge Johnsen. Han er frå opprinneleg frå Vågsøy, men busett i Førde, og har dreve sportsfiske ved Førdefjorden i over 20 år.

«Førdefjorden er ein fabelaktig fjord med enorm artsriksdom. Eg har fått over 20 forskjellige artar med stong her, det overraska meg i byrjinga. Eg tenkte som mange andre som kjem frå kysten, at det berre var ute i havet det gjekk an å få slik fisk. Fyrste gongen eg fiska her, oppdaga eg likevel at det var kolossalt med forskjellige artar, alt frå flatfisk, gylte, store glasvara, torsk, sei og lysing. Det er flotte gytefelt i fjorden, og eg er sikker på at det er ein viktig fjord å ta vare på»

Enorme og langvarige konsekvensar

Fjordens enorme mangfald er truga av gruvedumpinga Nordic Mining vil gjennomføre. Fisken i fjorden vil miste matfatet og heimen sin, om den ikkje dør direkte av skadane frå det giftige gruveslammet.

Dumpinga vil også få store konsekvensar både for lokalbefolkinga, og det lokale næringslivet. Om fisken forsvinn, eller ikkje lengre kan etast grunna dei enorme utsleppa, vil det bli vanskeleg å halde fram med å livnære seg av fjorden. Dermed vil mange viktige tradisjonar gå tapt, og framtidige generasjonar vil ikkje få den samme gleda ut av fjorden som generasjonane før dei.

Dette meiner vi i Natur og Ungdom, og Naturvernforbundet, er heilt uakseptabelt. Livet i Førdefjorden er alt for verdifullt til at vi kan tillate eit gruveselskap å bruke han som avfallsplass. Difor har vi valt å ta saka til retten, som eit siste håp for å redde Førdefjorden.